Banksjef i vinterland

  •  

Bildet viser ein gåve-overrekkelse til Hovden Tour. Frå venstre: Bjørg Vatnestrøm frå Sparebenken Sør, Roar Hjelmeset som er daglig leiar i touren, Banksjef Eva Haugland Åsland og Jan Dalen frå Sparebanken Sør.

Øvst i vakre Setesdalen ligger Sparebanken Sør sin nordlegaste filial, på Hovden. Her bur det 970 menneske, men i vinterferien mangedoblast folketalet. Vi har tatt en prat med Eva Haugland Åsland om korleis det er å være banksjef på Sørlandets største vinterdestinasjon.

Hjerte for distrikta

Eva Haugland Åsland er regionbanksjef i Sparebanken Sør og har ansvar for seks kontorar i Indre Agder, blant anna Hovden. – Det å være banksjef i Indre Agder er utfordrande og spanande for ei med hjerte for distrikta. Eg er stolt av at Sparebanken Sør har lokale kontorar i regionen, og at banken er med og støtter aktivitetar. Setesdal oser av unik kultur og ur-norske skattar som er verdt å få med seg. På Hovden skjer det mykje spanande med utvikling av hytter og leilegheiter. Hovden er ein stor vinterdestinasjon som er dyktige på infrastruktur. Her er godt merka løyper heile året rundt og terrenget i dalen må berre opplevast.

Det er utruleg givande å få vere med å støtte aktiviteter og kulturliv i distrikta.

Vinterferie på Hovden

Uke 8 og 9 blir ikkje nokon vanlege veker på Hovden! - Det yrer av hyttefolk i vinterferien og her er aktiviteter som kan passe for dei aller fleste. Gode vinterferieaktivitetar finn du på Hovden, som langrenn, alpint, toppturar, Hovden Badeland, skøytebane, samt endåtil hundekøyring. I tillegg har du hotell, overnattingsstader, spisestadar, og forretningar av ymse slag. Og skal du til Hovden i vinterferien, så kanskje du vil sjå Eva i farta- hennar personlege vinterfavoritt er nemleg å gå på ski, helst fjellski!

Silhouette av gjesteblogger
Av: Gjesteforfatter Gjest
Blogg:
Ikke bare bank